No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har broti ned.
Påny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse sig stort i fred.
Ho opner molda og reider eit rom
for røtene, fine som hår,
så dei kan få feste og finne ned
dit livsens straumer går.
Plante eit tre er å bygge ein veg
frem gjennom mange år. ------
Da dirrar treet, og handa som held det,
og grunnen der det er fest.
Kva er det ? Skalet kring kjerna
av mørker i djupet, som brest ?
Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring. Å jord ver still,
ver still, så mitt tre får gro !
(Halldis Moren Vesaas 1907-1995, ur Treet 1947)
OM Halldis MV