Han likte å snakke, han òg,
når han først kom i gang.
Men alt til si tid.
Stundom burde snakk forbydast.
På ein tur på veg heim til han
syntest han at jentene i baksetet
skravla for mykje.
Han snudde seg og kveste i:
"Sjå på Sørfjorden, for faen".
Om vi kjørte same vegen
no når han er borte
ville vi visst teie og berre sjå.
Sjå på Sørfjorden
og alt vi hadde kring oss vidare inover
og når vi kom fram.
For alt vi såg
frå hans vegar og hans tun
vill det vere han
vi søkte og fann.
Innsmidd i det,
innsmelta i det,
eitt med det
ville vi sjå
Olav H. Hauge
og hans dikt.
(Halldis Moren Vesaas 1907-1995)
OM Halldis MV
(Olav H. Hauge 1908-1994)
OM Olav H. Hauge