Kveldssong
(for deg og meg)

Grisen står og hyler
i den stille kveld.
(Han skal ikkje slaktast
men hyler likevel).

Fir'og tjue kråker
sit på ein madrass
Endå ei vil sittje
men det er ikkje plass.

Månen står og lyser
rund og feit og kvit.
Reven kjem fra skogen
og lusker hit og dit.

Fiskane i havet,
søv og drøymer søtt.
Nøkken nedi i tjernet
har eg aldri møtt.

Mor og far har lagt seg.
Eg er vaken, eg.
No klatrar eg ut glaset,
Så spring eg bort til deg.

Mens grisen står og hyler
og månen lyset kvit.
Sit du og eg på taket
og ler og pratar skit.

(Ragnar Hovland ur "Elefantmusikken 1985)
OM RagnarH